Familien og dei som styrer Noreg, var dei første som fekk vite at kongen var død. Det var stortingspresident Masud Gharahkhani, statsminister Jonas Gahr Støre og høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie. Dei leier Stortinget, regjeringa og Høgsterett.
Deretter fekk resten av landet beskjed.
Kongeflagget på taket av Slottet vart senka til halv stong. Det betyr at landet sørgjer.
Kyrkjeklokker skal også ringje over heile Noreg.
Haakon blir konge
Når ein konge døyr, blir kronprinsen automatisk den nye kongen. Derfor er Haakon no konge. Dottera hans, prinsesse Ingrid Alexandra, blir kronprinsesse. Det betyr at ho er den neste som kan bli dronning.
Den nye kongen skal møte regjeringa. Der fortel han kva namn og valspråk han vil bruke som konge. Eit valspråk er ei kort setning som fortel kva kongen står for. Kong Harald sitt valspråk var «Alt for Noreg». Haakon treng ikkje å kalle seg kong Haakon VIII. Han kan velje eit anna kongenamn. Han skal også halde ein tale til folket.
Folk kan ta farvel
Det blir flagga på halv stong over heile landet. Mange kyrkjer skal halde ope fram til gravferda.
Folk kan skrive ei siste helsing til kong Harald i bøker som blir lagde fram i kommunar og domkyrkjer. Det kjem også ei slik bok på nettet.
Båra til kong Harald skal først stå på Slottet. Seinare blir ho flytta til Slottskapellet. Der får folk gå forbi og ta farvel. Ei båre er kista med den døde personen i.
Elevar frå dei tre krigsskulane til Forsvaret skal stå æresvakt rundt båra. Ei æresvakt er soldatar som står vakt for å vise respekt. Det skal også haldast sørgjegudstenester i domkyrkjer over heile landet.
Slik blir gravferda
På gravferdsdagen skal familien først ha ei privat stund i Slottskapellet. Deretter blir det skote 21 skot frå Akershus slott. Det blir kalla sørgjesalutt. Ein sørgjesalutt er skot som blir fyrte av for å heidre ein person som er død.
Båra blir frakta frå Slottet til gudsteneste Oslo domkyrkje i eit stort følgje. Familien, norske leiarar og gjester frå andre land skal vere med. Soldatar skal stå langs vegen. Etter gudstenesta blir kong Harald gravlagd under Akershus slottskyrkje. Fleire andre norske kongar og dronningar er også gravlagde der.
Etter gravferda blir flagga heisa til topps igjen. Den nye kongen og familien hans skal seinare helse folket frå balkongen på Slottet.
Må love å følgje lovene
Den nye kongen skal møte i Stortinget. Der må han love at han skal styre landet etter Grunnlova og dei andre lovene i Noreg.
Seinare kan han bli signa i Nidarosdomen. Det er ein seremoni der kongen får Guds velsigning.
Etterpå er det vanleg at den nye kongen reiser rundt i landet for å møte folket.
Kjelder: Statsministerens kontor, Stortinget og NPK–NTB/Framtida.no.






















