Sjå nokre av årets beste naturfoto

Årleg kårar naturhistorisk museum i London årets beste dyrebilde. Her er kan du sjå nokre av bilda som er med i konkurransen.

Årleg held det naturhistoriske museet i London konkurransen Wildlife Photographer of the Year. Her blir årets flottaste dyrebilde kåra. Kåringa skjer i oktober og her kan du sjå nokre foto frå årets konkurranse:

 Isete vindauge

Foto: Audun Rikardsen / Wildlife Photographer of the Year

Då Audun Rikardsen frå Noreg var på Svalbard, oppdaga han ein isbjørnsti rett ved eit selhol. Han monterte eit undervasskamera i holet og håpa at ein bjørn skulle kome og titte ned – og det var nettopp det ein nysgjerrig isbjørn gjorde. Då fekk Audun blinkskotet han valde å kalle Icy Window.

Flukt i siste sekund

Foto: Jens Cullmann / Wildlife Photographer of the Year

Tyske Jens Cullmann la seg ned på bakken då ein afrikansk oksefrosk akkurat ikkje klarte å fange ein glansvinge-sommarfugl. Han klarte dermed å fange dette augneblikket på kamera. Bildet fekk namnet Split-Second Escape. 

Latmannsliv i bassenget

Foto: Loren Elliot / Wildlife Photographer of the Year

Bildet Pooltime Pastime er fotografert av amerikanske Loren Elliott. Han brukte mange timar i kjøkenvindauget i ein heim i Sør-California der det ofte var bjørnar som stakk innom bakhagen. Då fekk han fotografert ein bjørn som tok seg ein dukkert i bassenget.

Gode vener

Foto: Ernest Porter / Wildlife Photographer of the Year

Dette bildet er teke av Ernest Porter frå Sør-Afrika. Fotografiet med namnet Mutual Friends viser ein fugla kalla oksehakkar som et eit insekt som sit på huda til eit nashorn. Oksehakkaren heiter askari wa kifaru på språket swahili, som betyr «nashornet sin vakt».

Kunsten å flyge

Foto: Jack Crockford / Wildlife Photographer of the Year

Den britiske fotografen Jack Crockford tok bildet The Art of Flying like ved flyplassen Heathrow utanfor London. Då ein tårnfalk kom flygande over han, kom også eit passasjerfly inn for landing, og han fekk knipsa dette bildet.

Bit tilbake

Foto: Andrea and Maceo Grammatico / Wildlife Photographer

Bildet Biting Back er teke av dei franske tvillingane Andrea og Maceo Grammatico. Dei fotograferte denne lanseslangen i Costa Rica. Det var ikkje før dei såg gjennom bilda i etterkant at dei oppdaga myggen på hovudet til slangen.

Om du skal til London det neste halvåret, kan du allereie no bestille billettar til utstillinga på nettsidene til naturhistorisk museum.