Har du stått og høyrt på popkorn som poppar? Først er det stille. Så kjem eitt smell. Så to. Plutseleg smell det overalt. Det høyrest nesten ut som eit lite fyrverkeri.
Vatn gøymer seg inni kornet
Sjølv om eit popkornkorn ser heilt tørt ut, inneheld det litt vatn. Rundt vatnet ligg eit hardt skal. Når kornet blir varmt, blir vatnet til damp, og damp tek mykje meir plass enn vatn.
Etter kvart blir det så mykje damp inni kornet at trykket aukar. Meir. Og meir. Til slutt klarer ikkje skalet å halda igjen. PANG! Skalet sprekk.

Popkornet vrengjer seg
Inni kornet finst det mjuk stivelse – eit stoff som plantar lagrar energi i.
Når trykket slepp ut, blir stivelsen kasta ut og utvidar seg på eit brøkdels sekund. Samtidig blir han avkjølt og stivnar.
Det er derfor popkorn ser mjuke og luftige ut, sjølv om dei starta som eit lite, hardt korn.
Kvifor poppar ikkje alle?
Har du lagt merke til at det nesten alltid ligg nokre harde korn att i botnen? Det kan vera fleire grunnar. Kanskje fekk dei ikkje høg nok temperatur eller kanskje hadde dei for lite vatn inni seg. Utan nok damp blir det rett og slett ikkje noko smell.



















