Symjing er det beste av alt

MEINING: Ein av dei beste sommaraktivitetane er sykling. Det er gøy på grunn av at det går kjapt i nedoverbakkar.

Symjing er det beste av alt. Ein blir avkjølt og kan stupe, hoppe og dykke. Det er veldig gøy å symje med vener.

Viss ein ikkje kan sykle eller symje så er det berre å vere med vener. Det er kjempegøy å gå ut og leike med dei eller gå og kjøpe is.

Dette er kjempegøy uansett kva for tid det er på året. Å dra på små turar er også kjempegøy fordi ein kan gjera det saman med vener, familie eller andre folk.