Gaza
- Eit område i Palestina.
- Palestina er eit land som ligg i Mistausten i Asia.
- Gaza ligg ved Middelhavet og grensar til Isreal og Egypt
- Den største byen i Gaza heiter Gaza by.
- Mesteparten av Gazas befolkning er palestinske flyktningar, som flykta frå heimane sine då Israel blei oppretta i 1948.
Barn i Gaza har vore redde lenge på grunn av alt dei har opplevd i krigen. Mange har mista foreldra sine, søsken eller andre dei er glade i. Andre har blitt alvorleg skadde og mista syn, høyrsel eller delar av kroppen.
– Når barn opplever så mange vonde og skumle ting, kan dei kjenne seg triste, redde og utrygge lenge etterpå, forklarer generalsekretær i UNICEF, Maria Greenberg Bergheim.
Mange barn treng difor hjelp frå vaksne rundt seg for å føle seg trygge igjen.
– UNICEF hjelper både barna og dei vaksne som passar på barna, slik at dei kan få støtte til å snakke om og forstå dei vonde opplevingane sine, seier Maria.
Nina Langslet frå Redd Barna fortel at også dei jobbar med familiar og lokalsamfunn for å gjere det lettare å hjelpe barna som treng det.

Helsehjelp
Krigen har ført til store øydeleggingar i Gaza. Byar og hus er bomba sundt, og difor bur nesten to tredelar av alle barna i Gaza i mellombelse heimar, mellom anna i telt i store leirar.
Der er det gjerne trongt og lite tilgang på reint vatn og toalett. Det gjer at sjukdommar spreier seg raskt.
Mange sjukehus og helsestasjonar er også øydelagde etter bombingar. Samstundes manglar legar og sjukepleiarar medisinar og utstyr for å kunne hjelpe dei som er sjuke og skadde.
Maria fortel at UNICEF jobbar med å legge til rette for at barn i Gaza skal ha god helse.
– Vi har fått vaksinert 12 000 barn mot farlege sjukdommar, fortel ho.
I tillegg har UNICEF levert kuvøsar til nokre sjukehus i Gaza. Ei kuvøse er ei slags spesiell seng for nyfødde, som gjer det enklare å hjelpe og ta vare på dei.
UNICEF har også gitt reint vatn til éin million menneske sidan krigen starta, i tillegg til at dei jobbar med å reparere vatn- og kloakksystem. Dette er viktig for å unngå at folk blir sjuke.

Mellombels undervisning
Over 90 prosent av alle skulebygningar er bomba og øydelagde i Gaza, og mange barn har vore utan undervisning i fleire år.
– For barn betyr skulen mykje meir enn berre matte og lesing. Skulen er ein stad der dei kan lære, leike, møte vener og føle seg trygge. Mange barn i Gaza drøymer om å få gå på skulen igjen og leve eit vanleg liv, seier Maria i UNICEF.
UNICEF har difor starta eit prosjekt som heiter «Back to School», der dei har sett opp mange små telt. Der kan barna få undervisning, leike og vere saman med andre barn.
– No får over 226.000 barn hjelp gjennom «Back to School». Det er om lag like mange menneske som bur i heile Bergen, fortel Maria.
Også Redd Barna tilbyr mellombels utdanning til barn i Gaza. Dei jobbar for å sikre at gutar og jenter i alderen 3 til 15 år får skulegang.
– Vi har læringsstader der vi tilbyr psykologisk førstehjelp og lager plass til at barn kan leike og vere i aktivitet, seier Nina Langslet i Redd Barna.

Fritid og leik
Mange barn i Gaza kan ikkje gjere dei vanlege tinga barn ofte likar å gjere, som å gå på fotballtrening, danse, spele spel eller vere med på hobbyar etter skulen. Krigen har gjort at nesten alle slike fritidstilbod har stoppa opp.
– Vi prøver også å få inn leiker, teiknesaker og målesaker. På dei midlertidige lærestadene våre kan barna både lære skulefag og vere med aktivitetar som leik, teikning, måling, drama og enkle fysiske aktivitetar, seier Maria frå UNICEF.
Nina frå Redd Barna kan fortelje at ein kan sjå at barn i Gaza bruker leik på ein heilt spesiell måte.
– Barn prøver å forstå det dei har opplevd gjennom leik, for eksempel ved å leike krig.

Treng håp
– Målet er at alle barn i Gaza skal få moglegheit til å lære, leike og få tilbake håpet om ei betre framtid, seier Maria i UNICEF.
For å få til dette peiker ho på at det er viktig at barna i Gaza ikkje blir gløymde.
– Barn og vaksne i Noreg kan vere med å bry seg. Når vi lærer om korleis andre barn har det, viser omtanke og ønskjer fred og tryggleik for alle barn, kan det gi håp. Det er viktig å hugse at barn i Gaza er akkurat som barn i Noreg. Dei ønskjer å vere trygge, gå på skulen, leike med vener og drøyme om framtida si, seier Maria.
Nina i Redd Barna seier at det viktigaste no er å få slutt på krigen, for at barna skal kunne bli teke skikkeleg vare på.
– Partane må få på plass ei skikkeleg fredsavtale som faktisk fører til fred, seier Nina.

Difor er det krig
Landa Palestina og Israel ønskjer å ha kontroll over same område i Midtausten. Dette har ført til konfliktar og krigar i mange år. Etter ein rolegare periode blei det igjen full krig mellom dei to landa 7. oktober 2023.
Krigen braut ut etter at ei palestinsk, militær gruppe angreip sivile i Israel. Sivile betyr vanlege menneske som ikkje er ein del av militæret. Etter angrepet begynte Israel å bombe og angripe Gaza – eit landområde der det bur over to millionar palestinske menneske.
Sidan då har det vore fleire angrep mot Israel. Sjølv om det har vore snakk om våpenkvile – ein avtale om å stoppe kampane – har krigen og angrepa mot Gaza halde fram.




















