Pride
- Pride er eit engelsk ord som betyr stoltheit.
- Ordet pride blir brukt om feiring av kjærleik og mangfald, særleg lesbisk, homofil, bifil og skei kjærleik.
- Inkludering av transpersonar, ikkje-binære og andre som bryt med normene for kjønn er også viktig.
- Det viktigaste symbolet for pride er regnbogeflagget.

Kjelde: Vesle norske leksikon.
Denne saka vart først publisert i søsteravisa vår Framtida.
– Eg må berre le, og det er positiv latter. Eg er heilt tom for ord, og eg synest det er heilt fantastisk, seier Mia Navestad Haugland (21).
Lærarstudenten sin spleis «Ja til pride i skolen» har bikka 1,3 millionar kroner når Framtida.no ringer ho opp, og beløpet held fram med å stige. I skrivande stund er det donert over 1,7 millionar kroner frå nesten 10 000 givarar.
– Eg synest det viser at kjærleiken vinn, legg ho til.
Advokathjelp for å stoppe pride i skulen
Innsamlinga er ein motreaksjon til Kristent ressurssenter sin spleis «Stopp pride tvang i skoler og barnehagar», som vart oppretta førre veke. Ressurssenteret skriv på spleisen at pengane går til advokatar for foreldre som ikkje vil at barna deira skal bli eksponert for pride i skulesamanheng.
I skrivande stund har dei samla inn over éin million kroner frå 2600 givarar. Det som blir igjen av pengar etter at foreldre har fått advokathjelp, går til Kristent ressurssenter sine prosjekt Stoppride.no og Skeivteori.no.
Ein skule på Karmøy har allereie blitt kontakta av ein advokat for å stanse at det blir heist regnbogeflagg, skriv TV 2. Kristent ressurssenter seier til kanalen at dei ventar fleire slike saker framover.
Glad for mange givarar
Då Haugland såg innsamlinga til Kritsent ressurssenter, reagerte ho kraftig. For litt over ei veke sidan delte ho at ho støtta regnbogeflagg i skulen i ein i ein video på TikTok-kanalen sin, der ho har over 50 000 følgjarar. Etter det vart ho tagga mange gonger i videoar om innsamlinga til Kristent ressurssenter. Då forventa ho at nokon kom til å starte ein motspleis, og gjekk i ei veke og sjekka fleire gonger om dagen om det hadde skjedd.
– Så tenkte eg til slutt, okay, eg får gjere det eg, så starta eg han, seier Haugland.
Spleisen opna laurdag kveld, og pengane skal gå til Foreningen Fri, for å hjelpe dei med å betre pride-kompetansen i skulen. Dei vart mottakaren etter Haugland hadde rådført seg med følgjarane sine, og undersøkt kva arbeidet deira går ut på.
Vil forsvare rettane til foreldre og elevar
Truls Olufsen-Mehus er styreleiar og prosjektleiar i Kristent ressurssenter. Det er han som har oppretta spleisen deira.
Truls vektlegg at pengane frå spleisen skal gå til å ta vare på rettane til elevar og foreldre som ikkje vil ta del i pride-markeringar i skulen. Han hevdar at det er fleire skular som ikkje gir elevar som ønskjer det, fritak.
– Årsaka er at dei (skulane) seier pride-markering er i tråd med og innanfor kompetansemåla (det elevane skal lære), men pride er jo ikkje nemnd i kompetansemåla, og heller ikkje noko regnbogeflagg eller liknande markering, seier Truls på telefon til Framtida.
Truls meiner pride-markeringa er politisk og at det derfor ikkje bør markerast i skulen.




















