Regjeringa har bestemt at Noreg skal få eit eige 3R-senter. Målet er å redusera bruken av dyr i forsking og testing, skriv Forskning.no.
3R står for:
Replace (erstatta)
Reduce (redusera)
Refine (forbetra)
Det betyr at forskarar skal prøva å erstatta dyreforsøk med andre metodar, bruka færre dyr og gjera forsøka mindre belastande for dyra.
Mesteparten er fisk
I 2023 vart det brukt over 1,5 millionar forsøksdyr i Noreg, ifølgje dyrevelferdsmeldinga. Heile 95 prosent av dyra var fisk.
Fisk blir mellom anna brukt i forsking på oppdrett og lakselus. Etter fisk er mus dei vanlegaste forsøksdyra i Noreg.
Har venta i over 20 år
Andre land i Europa har hatt slike senter lenge. Det finst allereie meir enn 30 liknande 3R-senter i Europa. Faktisk tilrådde norske styresmakter allereie i 2003 at Noreg burde få eit slikt senter. Men først no skjer det.
Mange håpar at ny teknologi kan gjera det mogleg å testa medisinar og forsking på andre måtar enn med dyr.



















