Forskarar har funne ein gammal lyd av ein kval som syng. Opptaket er frå 1949, og kan vera det eldste som finst, skriv NewsForKids.
Opptaket vart gjort av forskarar som jobba i Atlanterhavet nær Bermuda. Dei prøvde eigentleg å testa utstyr for å ta opp lyd under vatn.
Kalla opptaket «fiskelydar»
Forskarane visste ikkje kva dei hadde teke opp, og kalla lyden for «fiskelydar».
Seinare fann forskaren Ashley Jester opptaket i eit arkiv. Ho skjønte raskt at det ikkje var fisk, men kval.
Kvalar bruker lyd for å snakka med kvarandre, finna vegen og leita etter mat. Lydane kan reisa svært langt i havet.
Opptaket er viktig fordi det viser korleis havet høyrdest ut før.
I dag er det mykje meir støy i havet enn før, mellom anna på grunn av skip og maskinar. Forskarar meiner at nokre område i havet kan vera opptil ti gonger så meir støyfulle enn før.
Det kan gjera det vanskelegare for kvalar å høyra kvarandre.






















