Snart kan du reise med «flygande» ferjer langs norskekysten

Det norske kollektivtransport-selskapet Boreal har kjøpt 20 heilt spesielle båtar.

Båtane heiter Candela P-12 og er utvikla av det svenske selskapet Candela. Desse båtane går på straum og ikkje på diesel, og er dermed utsleppsfrie.

Candela P-12 er laga på ein slik måta at dersom båten går fort nok, reiser han seg opp og ut frå vatnet. Då er det berre tre «bøylar» som stikk ned under vassoverflata. dette gjer at båten møter mindre motstand når han skal framover og dermed brukar mindre energi.

NORSKE FERJER: Slik kjem dei nye Boreal-ferjene til å sjå ut. Illustrasjon: Candela

Eignar seg best i sør

No har altså Boreal kjøpt 20 Candela P-12 som dei skal bruke som ferjer for å frakta alt frå turistar til vakre omgivnader til pendlarar fram og attende frå jobb.

Dei to første fergene kjem til Noreg neste år, medan resten vil bli levert på ulike tidspunkt fram mot 2030, skriv VG.

Fergene kjem først og fremst til å gå i dei sørlege delane av landet. I nord er det oftare uvêr, noko båtane ikkje er laga for.