18,4 millionar såg BTS-konsert på Netflix

Det kjende bandet BTS gjorde comeback på scena – og millionar av fans følgde med frå heile verda.

BTS er eit kjent band frå Sør-Korea med sju medlemmar. Dei har fans over heile verda og er eit av dei mest populære banda i verda.

Nyleg heldt BTS ein stor comeback-konsert som vart send direkte på strøymetenesta Netflix.

Heile 18,4 millionar menneske såg konserten, opplyser Netflix.

Konserten vart halden laurdag 21. mars på Gwanghwamun-plassen i Seoul.

Sju medlemmar

Dette var ein spesiell konsert, fordi det var første gong alle dei sju medlemmane i BTS stod saman på scena sidan 2022, skriv NRK.

Konserten var også noko heilt nytt for Netflix. Det var nemleg første gong dei sende eit stort musikkevenement direkte frå Asia til heile verda.

BTS har også annonsert at dei skal ut på verdsturné i 2026 og 2027.