Ein av grunnane til at spelarane ofte blir henta frå Skandinavia, er språket. Når spelarane snakkar norsk eller eit skandinavisk språk, blir det lettare å forstå kvarandre på trening og i kamp.
– Eg trur dette med kommunikasjon er ei undervurdert greie i fotball. Det handlar om å sikra at informasjonen og forståinga er lik hos alle, seier fotballekspert Carl-Erik Torp til NRK og legg til:
– Det ser ut som Glimt har komme såpass langt at dei ikkje ønskjer å endra på språket som dei bruker i treningsarbeidet. Det at dei snakkar norsk aukar kvaliteten i det dei driv med.

Kultur viktigare enn språk
Det er ikkje berre språk som er viktig for trenar Kjetil Knutsen. Han er også veldig opptatt av om spelarane passar inn i kulturen i Glimt.
I eit fotballag betyr kultur korleis spelarane oppfører seg og samarbeider saman. Det handlar om kva verdiar laget har, korleis dei trenar, korleis dei snakkar til kvarandre og korleis dei jobbar for å bli betre.
– Det er slik me rekrutterer. Me tenkjer Nord-Noreg og Noreg. Men for meg betyr det lite om du er frå Oslo, Bodø eller Tromsø. Det har ikkje noko å seia. Eg er meir oppteken av type, menneske og identitet, seier han til NRK.






















