NRK leitar etter nye deltakarar til «Team Pølsa»

NRK planlegg ein ny sesong av TV-programmet «Team Pølsa». No leitar dei etter ungdommar som vil vera med.

TV-programmet «Team Pølsa» er i gang med sesong to. Samtidig har NRK starta jakta på ungdommar til sesong tre.

Den første episoden av årets sesong har så langt blitt sett av 952.000 sjåarar.

Programleiar Øystein Pettersen. Foto: NRK

Programleiar Øystein Pettersen skal igjen vera lagleiar for det nye laget.

– Det kunne eg ikkje drøymt om då me gjekk i gang med dette for snart tre år sidan, seier Pettersen i ei pressemelding frå NRK.

Opptaka til sesong tre startar kort tid etter at deltakarane i årets sesong har passert målstreken under rennet i Holmenkollen.

Ser du på «Team Pølsa»?

Ser du på «Team Pølsa»?

Ja, eg ser på det.2
Ja, eg har sett litt.2
Eg har høyrt om det.0
Eg har ikkje sett det.1
Svar totalt: 5