Klimaministeren: – Må visa at noko av det USA gjer er dumt for dei sjølve

Klima- og miljøvernminister Andreas Bjelland Eriksen vil jobba saman med kreftene i USA som jobbar for mindre utslepp.

FAKTA: Barnas klimapanel

• Eit panel som består av seks miljøagentar i alderen 11-15 år.
• Formålet med panelet er å vere eit talerøyr for barn, gjennom å formidle barns meiningar til dei som bestemmer.
• Kvart år samlar Barnas klimapanel innspel frå tusenvis av barn i Noreg, for å vite kva barn meiner om klima og miljø.
• Panelet skriv deretter ein rapport basert på desse innspela. Denne rapporten tek Barnas klimapanel med seg i møter med politikarar, for å vise kva barn meiner.
Kjelde: miljøagentene.no

LES FAKTALUKK FAKTA

– Verda er veldig skummel no, seier Rosalind i Barnas klimapanel.

På møte med klima- og miljøvernminister Andreas Bjelland Eriksen for eit par veker sidan spurte ho om kva Noreg kan gjera når eit så stort land som USA trekk seg frå klima- og miljøavtalar.

– For det første må me visa at noko av det USA gjer er dumt for dei sjølve. Og så må me vera klar over at USA er ikkje berre USA. California har sagt at dei vil gå til retten for å halda på klima- og miljøkrava sine. Me må jobba saman med dei kreftene i USA som vil ha regelverk, understrekar han.

Barnas klimapanel la fram desse fire krava frå Barnas klima- og miljørapport 2025:

1) Slutt å leita etter olje og gass!
2) Landa i verda må verna meir natur i tråd med dei internasjonale forpliktingane våre
3) Det rike landet i verda må følgja opp vedtaket frå klimatoppmøtet i Baku i 2029 og gi minimum
300 milliardar dollar i klimafinansiering kvart år.
4) Det må opprettast eit internasjonalt Barnas klimapanel