Muslimske trussamfunn i Noreg har rundt 200.000 medlemmer. Mange av dei tilbyr helgeskular for barn og ungdom.
– Det har vore opplæring i norske moskear i over 50 år og i den katolske kyrkja mykje lenger. Likevel veit me overraskande lite om det som går der føre seg, seier Hildegunn Valen Kleive til Forskning.no. Ho er religionsforskar på Høgskulen i Volda.
Stort prosjekt
Valen Kleive er med i eit stort prosjekt som heiter FaithEd. Der undersøker dei korleis barn og unge muslimar og katolikkar lærer om trua si i Noreg.
Muslimar og katolikkar er dei to største religiøse minoritetane i landet vårt. Minoritet betyr at det er færre av dei enn av dei som tilhøyrer Den norske kyrkja. Mange av dei har bakgrunn frå andre land.
Moskéskular
Forskar Marianne Kleive studerer det som blir kalla moskéskular. Ho likar nemleg ikkje ordet «koranskule».
– Det er så negativt lada. Og det går føre seg så mykje meir i denne undervisninga enn berre å læra seg Koranen. Dei kallar det moskéskule, islamskule eller helgeskule, seier Kleive til forskning.no.
Det første elevane lærer på moskéskulen, er det arabiske alfabetet. Då kan dei etter kvart lesa sjølve i Koranen.
Undervisninga er delt i tre delar:
- Den første delen handlar om å forstå Koranen. Elevane skal ikkje berre lesa orda, men også skjøna kva dei betyr.
- Den andre delen handlar om å forstå islam. Der lærer dei om korleis ein kan leva som muslim i kvardagen.
- Den tredje delen handlar om historie og forteljingar. Dei lærer mellom anna om profeten Muhammed og viktige hendingar i islam.
Det er sjeldan at det handlar om rein memorering av koranvers, ifølgje forskaren. Lærarane snakkar mykje med barna om kva tekstane betyr, og barna får stilla spørsmål. Det er ikkje berre det å kunna lesa som er viktig – det er også å forstå.
Ofte går undervisninga føre seg på norsk, så barna blir betre i språket samtidig som dei lærer om religion.
Koranskulen er også ein plass der barna kan vere sosiale. Dei har gjerne aktivitetar, turar og prat om ulike måtar å vere muslim på. Forskarane har funne at mange barn set pris på koranskulen fordi dei kan snakka med andre barn og lærarar om ting dei lurer på.






















