Klimaministeren føreslo nordisk Barnas klimapanel

Barnas klimapanel i Noreg leverte krav om internasjonalt Barnas klimapanel, og fekk forslaget over bordet til klimaministeren.

Barnas klimapanel
  • Eit panel som består av miljøagentar i alderen 11-15 år.
  • Formålet med panelet er å vere eit talerøyr for barn, gjennom å formidle barns meiningar til dei som bestemmer.
  • Kvart år samlar Barnas klimapanel innspel frå tusenvis av barn i Noreg, for å vite kva barn meiner om klima og miljø.
  • Panelet skriv deretter ein rapport basert på desse innspela. Denne rapporten tek Barnas klimapanel med seg i møter med politikarar, for å vise kva barn meiner.
  • Kjelde: miljøagentene.no 
LES FAKTALUKK FAKTA

Fredag føremiddag møtte det nyvalde Barnas klimapanel klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) på kontoret hans. Dei hadde med seg fire klare krav. Mellom anna å oppretta eit internasjonalt Barnas klimapanel.

– Alle barn og unge har rett til å bli høyrde i saker som gjeld dei, uavhengig av kvar i verda dei bur. Det er viktig å snakka med barn, for det er me som er framtida, seier Anna (14) i Barnas klimapanel.

– Eit internasjonalt Barnas klimapanel er ein kjempekul idé! Eg er litt lei meg for at det ikkje er fleire barn med på klimatoppmøta, seier klima- og miljøvernminister Andreas Bjelland Eriksen. Han fortel at regjeringa har støtta fleire fattige land som ikkje har hatt råd til å senda eigne utsendingar til klimatoppmøtet, men peikar på at blant anna USA har kutta støtta til mange land.

Fredag 13. februar møtte det nyvalte Barnas klimapanel klima- og miljøministeren. Frå venstre: Rosalind (15), Tyra Olivia (12), klima- og miljøminister Andreas (33) og Sander (13) og Henrik (11). Foto: Svein Olav Langåker

Opnar for nordisk satsing

– Er det noko me kan læra av måten me gjer det på i Noreg med Barnas klimapanel? spør ministeren.

– For eksempel er det mogleg å gjera rapporten vår meir synleg. Når me har med undersøkinga om kva barn i Noreg meiner, så er det verkeleg stemma til barn. Eit internasjonalt Barnas klimapanel kan gjera det same, og presentera det i internasjonale samlingar, føreslår Anna.

– Er det ein ídé å få til eit nordisk Barnas klimapanel? spør klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

– Det er ein dritkul ide, seier Rosalind (15).

Vil sjå kva som er mogleg

På spørsmål frå Framtida Junior etter møtet om kva klima- og miljøministeren vil gjera med forslaget om eit nordisk Barnas klimapanel, svarar ministeren dette på e-post:

– Barnas klimapanel har peika på behovet for eit globalt klimapanel for barn, og kanskje kan eit nordisk klimapanel vera ein naturleg start. Me har ingen konkrete planar om å gjera noko med det no, men me lyttar til innspela og ser kva som kan vera mogleg vidare.

Barnas klimapanel la fram desse fire krava frå Barnas klima- og miljørapport 2025:

1) Slutt å leita etter olje og gass!
2) Landa i verda må verna meir natur i tråd med dei internasjonale forpliktingane våre
3) Det rike landet i verda må følgja opp vedtaket frå klimatoppmøtet i Baku i 2029 og gi minimum
300 milliardar dollar i klimafinansiering kvart år.
4) Det må opprettast eit internasjonalt Barnas klimapanel