Visste du?
Hjernen bryr seg ikkje om kva språk som er «viktigast» – han behandlar alle språk som like ekte.
Kjelde: Marit Lobben
Marit Lobben er lingvist og hjerneforskar. Det betyr at ho kan mykje om både språk og hjernen. I ein e-post til Framtida junior, forklarer ho kort korleis hjernen fungerer:
– Hjernen din er laga av milliardar av bittesmå hjerneceller. Desse cellene snakkar med kvarandre ved å sende elektriske og kjemiske beskjedar. Når du bruker ein bestemt signalveg i hjernen mange gonger, blir han sterkare og raskare – akkurat som ein sti i skogen som blir tydelegare jo meir du går på han.

Å lære språk er som å bygge nye vegar i hjernen
Marit fortel at hjernen er delt inn i område med ulike jobbar. Men delane kan ikkje jobbe åleine. Derfor har hjernen også noko ho kallar samlingsstader. På samlingsstadene møtest informasjonen frå syn, høyrsel, bevegelse og tenking, slik at alle delane kan samarbeide.
– Når du lærer eit nytt språk høyrer du nye lydar, du ser ord og teikn, og du beveger munnen og kroppen på nye måtar. Alt dette må koplast saman i hjernen. Jo meir du øver, jo sterkare blir koplingane, og språket blir lettare å bruke. Å lære språk er som å bygge nye, sterke vegar mellom dei ulike delane av hjernen. Og når du har lært eit språk, blir det lettare å lære å lære det neste, seier Marit.

Når du bruker kroppen, hjelper du hjernen med språk
Hjerneforskaren meiner det aller kulaste med hjernen, er noko som heiter vaneminnet.
– Det er minnet du bruker når du syklar utan å tenke, knyter skolisser, speler fotball, dansar eller går på ski. Kroppen berre kan det, fordi du har øvd mange gonger. Det som er litt overraskande, er dette: Det same minnet blir brukt når du lærer grammatikk i språk, seier ho.
Det betyr at når barn leikar ute, klatrar, spring, dansar eller spelar ball, så blir ikkje berre kroppen sterkare – språkhjernen får også betre treningsforhold.
– Viss ein sit veldig mykje stille framfor ein skjerm og er veldig lite i bevegelse, kan hjernen få mindre trening i dei nettverka som hjelper oss å lære grammatikk. Skjerm er ikkje alltid dumt, men hjernen treng kropp, fart og bevegelse for å utvikle seg best. Når du bruker kroppen, hjelper du hjernen med språk. Å leike, bevege seg og vere ute er ikkje bortkasta tid – det er språktrening på ein hemmeleg måte, fortel Marit.






















