Mushaga Bakenga
- Fotballkarriere: Tidlegare fotballspelar for klubbar som Rosenborg, Odd, Molde, Tromsø, Club Brugge og Punjab. Mushaga spelte for Noreg U15, U16, U17, U18, U19 og U21.
- Yrke: Fotballekspert for TV2.
- Alder: 33 år.
- Frå: Trondheim.
Tre kjappe:
- Fotballidol då du var 12: Thierry Henry.
- Draum då du var 12: Å bli lege og å bli fotballspelar.
- Kor langt kan Noreg kome i VM? Eg trur dei kan kome til 8.-delsfinalen.
– Boka handlar om då livet mitt dreia seg om vennar og familie, draumar og fotball. Tida då eg gjekk langs vegen og sparka stein, samstundes som eg såg for meg at steinen var ein fotball og at eg spelte på Lerkendal eller Santiago Bérnabau, fortel Mushaga til Framtida Junior.
Han har laga boka Mush! Proffdrømmer saman med forfattar Eivind Hofstad Evjemo. Her får lesaren innblikk i livet til 12 år gamle Mushaga Bakenga, gjennom historier frå då han spelte på fotballaget National.
Innimellom alle historiene kjem Mushaga, eller berre Mush som han gjerne blir kalla, med til saman ni tips han kallar for Mush-tips. Med desse tipsa håpar Mush å hjelpe barn med å lukkast på fotballbana.
Målfeiringar og seigmenn
– Det aller viktigaste tipset eg gir i boka er kor viktig det er å hugse å kose seg. Livet er så mykje betre når ein har det bra og kosar seg.
Mush fortel at dette er eit råd han sjølv fekk av bestefar sin. Om att og om att sa han: «Det er viktig å kose seg». Og det rådet følgde Mush også i fotballen.
– Når fotballaget skulle varme opp rulla vi rundt på graset, laga artige lydar og gjorde tullekarate, medan andre fotballag gjerne stilte opp i rekker og køyrde skikkeleg opplegg. På benken var det gjerne mykje seigmenn og bamsemums. Vi kosa oss og var så useriøse – det var så deilig, fortel Mush.

Han kan også fortelje om gøyale målfeiringar. Fotballaget brukte nemleg meir tid på å øve på målfeiringar, enn på for eksempel sentringar.
– Vi kunne sjå sjalusien i auga på dei andre laga. For vi gjorde det bra i tillegg til å ha det gøy. Vi vann veldig mykje på å ha godt samhald på laget, fordi vi kosa oss.
– Ver snill
Eit anna tips Mush meiner er veldig viktig, og kanskje litt overraskande, er oppmodinga om å vere snill med dommaren.
– Det er mykje mobbing på fotballbanar rundt omkring – mykje hets og rasisme mellom barn og ungdom, og mykje stygg språkbruk mot dommarar, fortel Mush.
Tipset om å vere snill med dommaren, og sjølvsagt med motstandarar og lagspelarar, meiner han derfor er svært viktig.
– Eg forstår rett nok at det er vanskeleg for barn og unge å slutte med denne dritslenginga, når dei ser vaksne gjere det på fotballkampar som går på TV. Når du ser dine største forbilde oppføre seg ufint, er det lett for ein sjølv å gjere det same.
Mush peiker på at alle, inkludert ein sjølv, får det mykje betre om ein er snill og god, og behandlar kvarandre med respekt.
– Dette er enklare om du finn deg eit forbilde som også oppfører seg på denne måten. Det er nemleg eit anna Mush-tips: Skaff deg gode forbilde.

Treng ikkje å vere best
Sjølv om tipsa er meint og takast på alvor, er det først og fremst veldig mykje latter og glede å hente i boka, ifølgje Mush.
– Håpet mitt for boka er at barna som les ho skal føle at dei er med i fotballgjengen min – eller iallfall at dei har lyst til å vere med i han. Eg trur det er sunt å skape ein slik gjeng som eg hadde – ein gjeng som finn på mykje rart saman og ikkje tek alt blodseriøst.
For ifølgje Mush treng ein ikkje å vere på det beste laget, trene store mengder eller vere best til å spele fotball som 10-åring, for å kunne bli proff seinare.
– Berre sjå på dei beste spelarane på landslaget no. Nesten ingen av dei var best då dei var barn og ungdom.
God venn med erkefienden
Også Mush enda med å bli ein veldig god fotballspelar, sjølv om han brukte tid på mykje anna enn trening. I boka fortel han mellom anna om ei episode saman med vennane sine Armel og Legenden. Dei gøymer seg i ei busk for å spionere på eit anna fotballag, mellom anna Mush sin erkefiende Markus. Episoden endar på komisk vis med at Legenden ryggar inn i hundebæsj, då dei held på å bli ferska.
– Det må vere den gøyaste historia i boka. Men sjølv om ho er skriven med utgangspunkt i ei ekte historie, er ho ikkje heilt sann. Om lag 80 prosent av det du les i boka er faktiske hendingar, medan 20 prosent er fantasi. Til dømes er ikkje karakteren Legenden ekte.
Men både karakterane Armel og Marcus er personar frå oppveksten til Mush. Mush er framleis venn med Armel og han er også venn med sin tidlegare erkefiende Markus.
– Eg har vore forlovar for begge to faktisk.

Fridom og håp
Sjølv om Mush hadde det mykje gøy med lagkameratar utanom fotballbana, var også sjølve fotballspelinga viktig for Mush fordi det gav han ein fridomsfølelse.
– Når eg spelte fotball, var det som å gå inn i ei ny verd. Uansett kor annleis ein var, kor god ein var, kva språk ein prata eller korleis dagen hadde gått, så var alle like når vi gjekk ut på fotballbana.
Spesielt var denne fridomsfølelsen viktig for Mush då han var ganske liten. Frå han var tre til han var seks år, var Mush nemleg på flukt i Kongo. Kongo, der familien til hans kjem frå, er eit land i Afrika. Samstundes med at dei var på flukt, spelte Mush og søskenbarna hans fotball når dei kunne. Då kjende Mush på ein fridomsfølelse, trass i at dei var midt i ein krig.
I Kongo er det også i dag mykje konflikt og uro, og mange barn får ikkje gått på skule. I 2018 starta Mushaga og familien arbeidet med å byggje ein skule i Kongo. Her går det no over 1000 elevar. No skal Mush bruke det han tener på å selje denne boka, til å byggje enda ein skule i Kongo.
– Det skal vere ein barne- og ungdomsskule for foreldrelause barn og barn som har det vanskeleg.
Håpet til Mushaga er at desse barna skal få skulegang så dei klarer å få seg ei utdanning.






















