Berre i januar har Kirkens SOS teke imot over 600 fleire telefonar enn i same periode i fjor.
Mange av dei som ringer, fortel at dei blir urolege av nyheiter om krig, konfliktar og endringar i verda.
– Når verda blir opplevd uføreseieleg og truande, set det djupe spor hos mange. Uro for krig, globale konfliktar og økonomisk uvisse går ofte igjen i samtalane me får, seier generalsekretær Johannes Heggland til NRK.
Også Blå Kors fortel at fleire barn og unge bruker chatten deira for å snakka om tankar og kjensler. Der kan ein få støtte og hjelp når noko kjennest vanskeleg.
Gode råd
Framtida Junior har tidlegare snakka med psykolog Charlotte Mjelde om kva du kan gjera for å få det betre igjen når tankane går rundt og rundt i hovudet.
Les intervjuet med Charlotte her: – Slik kan du kjenna deg tryggare når verda kjennest skummel
Her kan du ringe eller chatte dersom du treng nokon å snakka med:
- Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og spørja om det du lurar på. Det er gratis og telefonen er døgnopen.
- Ta kontakt med Kirkens SOS. Der kan du ringa eller chatte anonymt og gratis. Mange tek kontakt når dei er urolege, redde eller har tunge tankar.
- På Kors på halsen kan du prata med eller skrive til vaksne som er frivillige i Røde Kors. Dei høyrer på det du har å seia og hjelper deg om du vil. Det er heilt anonymt og heilt gratis. Telefonnummeret deira er 800 333 21. Du kan også chatta og senda mail anonymt på nettsida deira.
- BARsnakk er ei chatteteneste for barn, ungdom og vaksne som har foreldre som har rusproblem, eller som kjenner nokon som har det. Det er heilt gratis, og du kan vera heilt anonym.
- SnakkOmPsyken.no er ei chat-teneste for barn og unge frå 9-19 år. Her kan du snakka med ein trygg vaksen om korleis du har det, om du synest at noko er utfordrande og vanskeleg, eller treng nokon å prata med.



















