Kva skjer i Venezuela no?

Her får du svar på kva som skjer i Venezuela – og kvifor situasjonen er så uroleg.

Venezuela, heilt nord i Sør-Amerika, har verdas største kjende oljereservar. Men likevel har dei hatt store problem i mange år. Mange menneske har lite pengar, det er mangel på mat og medisinar. Åtte millionar menneske har reist frå landet for å få det betre andre stader.

I fleire år har landet vore styrt av president Nicolás Maduro. Internasjonale valobservatørar meiner Maduro ikkje har vunne vala på ein rettferdig måte. Den internasjonale straffedomstolen i Haag etterforskar Venezuela og Nicolás Maduro for moglege forbrytingar mot menneskeslekta.

Presidenten i USA, Donald Trump, har det siste året skulda Venezuela for å stå bak det han kallar narkoterrorisme. Amerikanske styrkar har dei siste vekene skote i senk fleire båtar utanfor Venezuela som dei har skulda for å frakta narkotika til USA.

Natt til laurdag gjennomførte amerikanske styrkar ein militær aksjon med fleire fly og helikopter. Dei tok president Nicolás Maduro og kona hans til fange for å stilla han for retten i USA. Maduro avviser skuldingane mot han, og seier USA eigentleg prøver å få kontroll over olja i Venezuela.

LES MEIR: María Corina Machado får Nobels fredspris for kampen mot diktatur

Mange journalistar og fotografar møtte opp utanfor fengselet i Ne York der Maduro sit fengsla. Foto: NTB, AP Photo/Yuki Iwamura

Utrygt

Trump og USA har fått mykje kritikk etter angrepet på Venezuela og bortføringa av president Maduro. Mange ekspertar og leiarar kallar operasjonen eit brot på internasjonal lov og suvereniteten til Venezuela, skriv AP News.

Venezuelas høgsterett har bestemt at visepresident Delcy Rodríguez blir fungerande president i landet etter at Maduro vart pågripen.

– Venezuela er ikkje eit éinmannsdiktatur. Det er fleire personar i Maduros krins som kan ta kontroll. Regimet er likevel utvilsamt sterkt svekt, seier Venezuela-ekspert og professor Benedicte Bull ved Universitetet i Oslo til NTB ifølgje Forskning.no.

Akkurat no følgjer mange land med på det som skjer. Det er framleis uklart kva som skjer vidare, og kva dette vil bety for menneska som bur i landet.