Bulgaria blei medlem av EU i 2007, men det er først i år at dei byter valutaen til euro.
Før dei bytte til euro, brukte Bulgaria valutaen lev. Lev betyr løve, og har blitt brukt sidan 1881 i Bulgaria.
Ifølge meiningsmålingar BBC viser til, er befolkninga i Bulgaria delte i om dei synest det er bra eller dårleg at dei må byte valuta.
I januar kan bulgararar betale med både lev og euro, men frå neste månad av er det ikkje lenger lov å betale med lev.






















