Du treng
- appelsinar
- ei snor
- ei nål
- ein kniv
- bakepapir og steikebrett
- kjøkkenpapir
- om lag fire timar
Slik gjer du
1. Set omnen på varmluft 100 grader.
2. Vask appelsinane og skjer dei i tynne skiver.
3. Legg skivene på eit steikebrett med bakepapir.

4. Tørk godt av dei med litt kjøkkenpapir.
5. Set steikebrettet midt i omnen og la det stå i fire timar. Ein gong i halvtimen kan det vere lurt å snu appelsinskivene. Målet er at dei skal tørke inn.

6. Etter fire timar kan du ta ut steikebrettet og la appelsinane kjøle seg ned.
7. Fest ei snor i kvar side av appelsinskiva med ei nål. Dra snora gjennom.

8. Heng dei i vindauget, dander på eit fat eller pynt pakkane med den velduftande julepynten.























