Julie sin jul
Det blir ribbe på julaftan, og sjølv om Julie ikkje er så glad i svor, blir uansett litt godt å knaske på. Til jul ønskjer ho seg ein stor gaming-PC med regnbogefargar og glitter, som ho kan spele Roblox på.
Det heile starta med at seksåringen Julie hadde lyst på ein mobil. Det tykte foreldra hennar, Mari og Alexander, at ho var for ung til.
Men så spurde Julie: «Viss eg betalar med mine eigne pengar, då?» Sidan det skulle vere med hennar eigne pengar, så ville ikkje foreldra seie nei.
Då gjekk Julie til verks. Bollar og lefserullar vart laga, og ho og pappa drog rundt på dører og selde. Pengane til mobil hadde ho skaffa seg i løpet av seks helger.

Såg lyset
Spol fram tre gode år, og tiåringen Julie har både mobil og eigen butikk.
– Eg tykte det var veldig gøy å ha ein hobby, så derfor ville eg ha ein hobby, seier ho.
Ho leita seg fram etter kjekke hobbyar på YouTube, og så fann ho lys.
– Då var eg sånn: «Ja, lys! Det har eg lyst til å drive med». Og så har det blitt ein så stor bedrift som no, fortel ho og ser rundt i butikken hennar «Pikene i Fallet».
Å støype og selje lys har ho halde på med sidan ho var åtte, då ho fekk voks i bursdagsgåve av foreldra sine.

Miksar farge og dufter
– Korleis støyper du lys?
– Først finn eg fram formene og set dei i omnen på 100 grader, så dei blir skikkeleg varme. Samtidig har eg ein kjele i vassbad, med 1000 gram voks eller mindre. Så har eg oppi farge og dufter og miksar dei saman veldig godt. Så tar eg ut formene frå omnen, set oppi ei veik og så heller eg voksen oppi, seier Julie.

Når første dosen med voks stivnar, så er ikkje lyset ferdig.
– Då må eg fylle på igjen; etterfylle, seier ho.
For når voksen blir kald, dukkar det opp luftbobler som gjer at lysa ikkje ser noko fine ut. Derfor må det til eit lag til, så det blir fint til slutt.

Brent seg mange gonger
Det er eit veldig varmt arbeid å røre rundt i voks og hente ut former frå omnen. Då er det godt med litt hjelp, spesielt når det er ein heilt full kjele med voks.
– Har du brent deg?
– Veldig mange gonger! seier ho dramatisk, og på sida seier mamma Mari at ho brann seg seinast dagen før vi pratar med ho.
– Og så har eg fått voks over heile meg. Det var forferdeleg vondt, seier ho medan ho smiler.
Derfor er det viktig å gå med lange armar og noko på beina, sjølv om det er eit varmt rom. HMT (helse, miljø og tryggleik) er viktig for dei medan dei jobbar.
– Betre enn eg trudde

I butikken sel Julie sine eigne lys på sine hyller, men på veggen på motsett side er det andre hyller fylt med ting. Desse hyllene blir brukt av andre seljarar. Dei leiger hylleplassen og hjelper til med å jobbe i butikken.
– Korleis er det å drive sin eigen butikk?
– Det er kjempegøy. Mykje betre enn eg trudde, seier Julie.
At dei andre som sel sine ting kan hjelpe til er noko som har gjort det endå betre.
– Kven er dei beste kundane?
– Dei som kjøper veldig mykje, seier Julie med eit lurt smil.
– Dei beste er dei over tusenlappen, ler ho.
Trur dei er inspirert
I fjor reiste Julie og familien rundt på ulike marknadar. På slutten av året var det lett å bestemme at dei ikkje skulle reise på like mange i 2025. Dei gjekk frå rundt 24 marknadar i 2024, til maks 14 i 2025.
Siste marknaden for året var 14. desember, og butikken har siste opningsdag før jul 21. desember.

– Eg plar ikkje så ofte å bli tom for energi, seier ho, men innrømmer at det er litt opp og ned.
– Kva seier foreldra dine om alt du har gjort?
– Eg trur at dei er ganske fornøgde av det eg har klart å få til, seier Julie.
– Eg trur dei er inspirerte og glade, legg ho til.
Venane blir med heim
Då ho fortalde til venane sine at ho skulle byrje å selje lys, reagerte dei positivt.
– Dei tykte det var kjempekult at eg ville drive med noko sjølv, seier Julie.
Ho sa til dei at dei var velkomne til å hjelpe ho om dei hadde lyst til det. Det hadde dei.

– Så kvar gong eg seier at eg er heime og skal støype litt lys, så smiler dei og spør «kan eg vere med deg heim?», fortel lysmakaren.
– Det beste dei veit er å skrape bordet for voks, og å ta ut formene, seier Julie.
– Så du får god hjelp av venane dine?
– Veldig god hjelp, seier Julie med takksemd.
Julie tenkjer at det ho held på med og får hjelp til av vener og familie, er litt som ein leik.
– Eg er jo barn, så det er bra at eg leikar, seier ho fornøgd.
Å henge med venar er noko ho likar å gjere når ho ikkje held på med lysa sine. I tillegg går ho på turn, gamar og heng på klubben, eit samlepunkt i nærområdet for dei i fjerde til sjuande klasse.




















