Superman-hefte selt for over 100 millionar kroner

Ein familie fann ein gammal teikneserie på loftet. No har han vorte verdas dyraste – verdt meir enn 100 millionar kroner!

Eit gammalt teikneseriehefte av Superman nr. 1 frå 1939 er selt for 9,12 millionar dollar, altså over 100 millionar kroner. Det er ny verdsrekord for ein teikneserie, skriv News For Kids.

Foto: Heritage Auctions / HA.com.

Heftet vart funne av tre brør då dei rydda i huset til mora i California. Det låg i ei pappeske saman med gamle aviser – men var likevel nesten heilt perfekt bevart.

– For ein historisk dag. Eg er utruleg glad på vegner av seljaren. Superman nr. 1 er ein milepæl i populærkulturens historie, og dette eksemplaret er ikkje berre i ein eineståande tilstand – det har også ei historie verdig ein film. Eg er glad for at prisen speglar det, og æra over at Heritage fekk tilliten til å selja denne ikoniske boka, seier Lon Allen frå auksjonshuset Heritage Auctions i ei pressemelding.

Superman fekk sitt eige blad i 1939, etter først å ha dukka opp i Action Comics. Det finst svært få slike hefte igjen i så god stand – derfor vart prisen så høg.