Tenk at du legg ut eit bilete, seier noko morosamt på TV – eller berre dansar på ein video. Neste dag har millionar sett deg. Du har vorte kjendis, men du har ikkje valt det sjølv. Dette har skjedd med fleire barn og unge. Nokon synest det er morosamt, medan andre blir lei seg fordi dei mistar kontrollen over sitt eige bilete eller namn.
Når nettet bestemmer
Nokre av barna som blir virale – altså kjende på nettet fordi mange deler videoen eller biletet – synest det er spennande. Andre synest det er skummelt.
Når noko blir viralt, betyr det at det spreier seg veldig raskt – nesten som eit virus. Og når noko først er på nettet, kan det vera vanskeleg å sletta.
Derfor er det viktig å spørja seg sjølv: Vil eg at alle skal sjå dette? Er det greitt for dei som er på biletet?
Framtida Junior har funne tre døme på barn som har vorte kjende på denne måten:
Zoë – jenta som smilte framfor eit brennande hus
Då Zoë Roth var fire år gammal, tok faren eit bilete av henne framfor eit hus som brann. Det var ei brannøving – ingen var i fare – men Zoë smilte lurt mot kameraet.
Mange år seinare vart biletet lagt ut på nettet og delt som eit meme (eit bilete som mange delar og lagar nye versjonar av). På nettet fekk ho kallenamnet «Disaster Girl».
I dag er Zoë vaksen. Ho har selt rettane til biletet sitt som digital kunst (NFT) og brukt pengane til å betala studielån.
Video: Anirbhan Tickoo / YouTube
Noah – guten som berre sa «apparently»
I 2014 vart seks år gamle Noah Ritter intervjua på ein lokal TV-stasjon i USA under ei tivolimesse. Reporteren spurde om han hadde hatt det gøy, og Noah svarte med stor innleving – og sa ordet «apparently» (som betyr «visstnok») mange gonger.
Videoen vart lagd ut på YouTube og fekk millionar av visningar. Heile verda byrja å kalla han «Apparently Kid».
Noah vart invitert til talkshow og møtte kjendisar, men han heldt fram med å vera ein heilt vanleg gut. På Wikipedia står det at «apparently» vart varemerket hans – eit uttrykk han brukte på ein morosam og spontan måte.
Video: WNEP / YouTube
Russell – guten som fann opp «floss-dansen»
I 2016 la Russell Horning, berre 14 år gammal, ut ein video der han dansa med ryggsekk og raske armar framfor kamera. Dansen fekk namnet «floss», fordi rørslene liknar på korleis ein dreg tanntråd (flossing).
Videoen vart spreidd på sosiale medium, og plutseleg dansa barn over heile verda som Russell. Han vart kjend som «Backpack Kid».
Russell vart invitert til å opptre på scena med superstjerna Katy Perry – og dansen hans vart ein del av spelet Fortnite.




















