EU med ny aldersgrense-app

EU har laga ein app for å bekrefte alder på nett, for å beskytte mindreårige mot skadelege nettsider.

EU har laga ein ny app for kontroll av alder på nettet, som er klar og snart blir tilgjengeleg for bruk, skriv Reuters.

EU-kommisjonens leiar Ursula von der Leyen sa på eit pressemøte onsdag at dei har laga appen for å halde digitale plattformer som ikkje beskyttar barn, ansvarlege.

– Nettselskap kan stole på vår aldersverifisering, så det er ikkje lenger noka unnskyldning. Det er berre å nytte den, sa von der Leyen.

Ursula von der Leyen er leiar av EU-kommisjonen. | CC-BY-4.0: © Den Europeiske Unionen 2023 – Kjelde: EP

Målet med appen er å hindre at mindreårige får tilgang til nettsider med uønskt innhald.

Etter Australia innførte aldersgrense for sosiale medium, har fleire land no vurdert liknande tiltak, inkludert Noreg.

– Heilt trygg i bruk

Appen blir snart tilgjengeleg for alle, etter å ha blitt testa i fleire EU-land.

– Det er foreldra som skal oppdra barna sine, ikkje plattformene, seier von der Leyen.

Appen krev at ein lastar opp pass eller ID-kort, men det vil vere mogleg å vere anonym, ifølge von der Leyen.

Ho seier at appen har dei aller høgaste sikkerheitskrava i verda.

Skritt i riktig retning

Digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) seier til VG at appen er eit viktig skritt i riktig retning for å beskytte barn på nett.

Karianne Tung er digitaliserings- og forvaltningsminister. | Foto: Trond A. Isaksen

– Regjeringa jobbar med å få innført ei aldersgrense på sosiale medium, og har tett dialog med EU-land som ligg langt framme i dette arbeidet, særleg Danmark og Frankrike, seier ho.

Det samarbeidet meiner ho gir verdifull erfaring når dei skal vurdere løysingar for trygg aldersverifisering i Noreg.

Førebels er det opp til plattformene å nytte appen EU har laga, og det er endå ikkje innført lovendringar.