Pippilotta Viktualia Rullgardina Krusmynte Efraimsdotter Langstrømpe er heile namnet på den fiktive karakteren til Astrid Lindgren.
For 80 år sidan i dag kom forteljinga om ei jente som bur aleine i ein villa med sin ape og hest ut i bokform i Sverige.
Heilt i starten gjekk det ikkje så bra med Pippi. Men populariteten tok seg fort opp. I 1968 spela dei inn ein film om verdas sterkaste jente.
Dottera sin idé
Men sjølv om første boka om Pippi ikkje kom før i 1945, kom forteljingar om ho allereie i 1941. Og det var ikkje Astrid Lindgren som kom på namnet.
Dottera til forfattaren, Karin, var sjuk og ville høyre på mora sine forteljingar. Det var ho som kom på namnet Pippi Langstrømpe.


















