5.-klassingar er dårlegare på å lese enn før

Nasjonale prøver viser at femteklassingar vert dårlegare på å lese. Kunnskapsministeren gir auka bruk av skjerm skulda.

Dei nasjonale prøvene er noko elevar på 5., 8. og 9. trinn tar. Her vert elevane testa i kor gode dei er i lesing, rekning og engelsk.

Sidan 2022 har prøvene vore tilrettelagde nye læreplanar, så resultata vert berre samanlikna med prøver frå dei siste fire åra.

Nedgang i lesing

For 5.-klassingane har det gått nedover med lesing kvart år sidan 2022. Ifølgje NRK trur kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun at ei av årsakene til nedgangen er bruk av meir skjerm på skulen.

– Det å få fleire bøker inn i skulen er viktig, i staden for skjerm, seier ho til den nasjonale rikskringkastaren.

Kari Nessa Nordtun er Noregs kunnskapsminister. Foto: Kunnskapsdepartementet

Forskjellar mellom gutar og jenter

Det er ikkje berre dårleg nytt frå dei nasjonale prøvene. I 5. klasse har både engelsk og matte halde seg ganske jamt.

For 5. klasse er det gutane som er best i rekning og engelsk, medan jentene er betre i lesing.

I 8. klasse har nivået i engelsk auka frå i fjor. Her er det ganske likt mellom gutar og jenter, men gutane presterer best i rekning, medan jentene er best i lesing.