– Me prøver å gi barn barndommen tilbake

Over 123 millionar menneske er på flukt i verda i dag. Mange av dei er barn som har mista alt – heim, vener og familie. Flyktninghjelpen jobbar kvar dag for å gi barn på flukt tryggleik, utdanning og håp for framtida.

I mange land i verda er det ekstra vanskeleg å leva akkurat no. I Gaza er nesten alt jamna med jorda etter krig. I Sudan går ein av dei verste borgarkrigane i moderne tid føre seg. I Ukraina lever familiar utan straum og varme, medan vinteren nærmar seg.

HJELPER BARN I KRIG: Becky Bakr Vindheim er spesialrådgivar i Flyktninghjelpen. Foto: Ingebjørg Kårstad/Flyktninghjelpen

– Ein flyktning er ein person som har måtta rømma frå landet sitt fordi det er farleg der. Det kan vera fordi nokon vil skada dei på grunn av kven dei er, kva dei trur på, eller kva dei meiner, forklarar Becky Bakr Vindheim, spesialrådgivar i Flyktninghjelpen.

Dei siste åra har stadig fleire menneske måtta flykta frå heimane sine.

– Dessverre går det i dag føre seg fleire krigar og konfliktar enn det me har opplevd på lenge. Dagens konfliktar varer også lenger enn før og nye krigar bryt ut før gamle blir løyste. Derfor er det rekordmange menneske som lever på flukt i dag – heile 123 millionar, seier ho.

Mange slit med angst

Når menneske legg på flukt, prøver Flyktninghjelpen å hjelpa med det mest grunnleggjande først.

– Me jobbar i kriseområde og møter familiar som har flykta frå alt dei eig og har. Me vernar desse menneska frå vald og hjelper dei med ein stad å bu, mat, og vatn til å drikka, gå på do og vaska seg med. Me byggjer skular og gir barn utdanning, fortel Vindheim.

Barn som må flykta, opplever ofte vonde ting som kan vera vanskelege å handtera.

– Barn på flukt som me møter slit ofte med å takla vonde opplevingar med krig og flukt. Dei kan ha mista ein person dei var veldig glade i og har flykta frå heimen sin, nabolaget og skulen sin. Mange slit med angst og høgt stressnivå, seier Vindheim.

UKRAINA: I Ukraina lærer barn seg å handtera stress gjennom teikning i klasserommet. Foto: Andrii Turiiev/Flyktninghjelpen

Saknar skulen

For å hjelpa barna betre har Flyktninghjelpen laga programmet Bedre Læring (BLP).

– Lærarane bruker ulike måtar å hjelpa på. Det kan vera å snakka saman, teikna, syngja og dansa, leika eller gjera andre morosame aktivitetar. Slik kan barna få det betre og klara å læra meir på skulen, forklarar ho.

Mange barn saknar alt det som før var vanleg i livet deira.

– Eg har møtt barn på flukt som har fortalt meg at dei saknar skulen, venner og lærarar. Dei saknar rommet sitt med alle leikane sine. Samtidig har eg sett at barn er kjempesterke og dei klarer å leika og le sjølv når dei har mista alt dei er glade i, fortel Vindheim.

GAZA: Barn får undervisning i eit mellombels klasserom i Gaza som ein del av Betre-lærings programmet. Foto: Amjad Al Fayoumi/ Flyktninghjelpen

Men sjølv om alle barn har rett til skulegang, er det mange som ikkje får det.

– 33 millionar barn som bur i konfliktramma område får ikkje gå på skule. I mange krigs- og konfliktområde er det angrep på skulebygningar, elevar eller lærarar kvar dag, seier ho.

Skulen kan likevel vera ein viktig nøkkel til tryggleik.

– I ei krise kan utdanning redda liv og gi håp for framtida. Ein skule kan gi dei ein trygg plass der dei får lov til å berre vera barn i tillegg til å læra viktige ting som lesing, skriving og matte. I 2024 hjelpte me over 1,2 millionar barn og unge med utdanning og skulegang, fortel ho.

KAMERUN: Mange skular i Kamerun har vorte øydelagde i kamphandlingar og klimakatastrofar. Dette bildet er frå eit av Flyktninghjelpens klasserom. Foto: Patricia POUHE/Flyktninghjelpen.

Gløymer aldri

Etter mange år i Flyktninghjelpen har Vindheim møtt mange barn ho aldri gløymer.

– Eg har møtt barn som har mista ein eller begge av foreldra sine og som sjølv har vorte skadde av bomber. Barn som har flykta berrføtt midt på natta fordi heimen deira har vorte angripen. Barn som har måtta seia ha det til pappa fordi han har måtta dra og kjempa i krigen, fortel ho.

Slike opplevingar gjer sterkt inntrykk, men også motivasjon.

– Eg blir ofte imponert av pågangsmotet og styrken til menneske på flukt sjølv om dei har levd gjennom krig, flukt, har mista nokon eller måtta byggja eit nytt liv opptil fleire gonger, seier ho.

Samtidig kan det vera tungt å sjå alt det vonde som skjer.

– Eg blir trist og frustrert når uskuldige menneske og sivile bygningar slik som sjukehus og skular blir målretta angripne i krig og konflikt. Det er frustrerande når me ser mektige menneske som sit trygt på kontora sine bryta internasjonale lover og reglar, seier Vindheim.

SUDAN: Familiar på flukt frå byen Al Fasher i Sudan. Dei bur no under open himmel utan tilgang til husly, mat eller vatn. Foto: Tina Abu-Hanna/Flyktninghjelpen

Det finst håp

– Det gir håp å sjå at arbeidet vårt hjelper og nyttar. Når me står saman og hjelper menneske som treng det, skaper det håp, seier ho.

Å jobba for Flyktninghjelpen er både utfordrande og viktig.

– I fjor klarte Flyktninghjelpen å hjelpa så mange som 9 millionar menneske verda over. Eg er stolt av å jobba for ein organisasjon som faktisk klarer å hjelpa menneske og forandra liva deira, fortel Vindheim.

Og sjølv om møta med menneske på flukt ofte er sterke, er det mykje glede òg.

– Blant det finaste er å sjå kor mykje glede det gir at eit barn får gå på skule igjen. Familiar får tilbake ein stabilitet og ein tryggleik som kjem av at det er mat på tallerkenen og moglegheita til å komma tilbake i arbeid.

Til slutt har ho ei oppmoding til barn i Noreg.

– Flyktningar er barn og vaksne, akkurat som deg og meg. Dei har draumar, håp og rettar. Når rettane deira blir brotne, er det ikkje berre kampen deira, det er vårt felles ansvar.

Og alle kan bidra – også barn.

– Du kan dela denne informasjonen med andre du kjenner og vera med på å retta merksemd mot menneske som ofte blir gløymde. Fluktkrisene krev politiske løysingar, men engasjementet ditt er også viktig!

SUDAN: I byen Kosti i Sudan er mange barn utanfor skulesystemet. Flyktninghjelpen tilbyr utdanning til barna. Foto: Ahmed Elsir/Flyktninghjelpen

Artikkelen er ein del av prosjektet vårt «Krig og fred», og er støtta av Fritt Ord.