Skal du skjere graskar? Dette kan du bruke innmaten til!

I staden for å kaste innmaten i søpla, kan du lage frukost, middag eller dessert av graskar. Men nokre graskar skal du ikkje ete!

I ei pressemelding formidla av NTB, skriv Opplysningskontoret for frukt og grønt at graskar er til for meir enn berre skumle lykter.

HALLOWEEN: Klassiske Halloweengraskar med utskjeringar. Foto: MatPrat

Ny tradisjon i Noreg

Det er fleire og fleire som kjøper graskar i Noreg, men tradisjonen for å kjøpe den oransje frukta til Halloweendekorasjon er ganske ny.

Derfor er det kanskje ikkje så mange som har vane for å lage mat med innmaten.

Ernæringsrådgjevar Iselin Bogstrand Sagen seier at mange framleis ser på graskar som pynt, ikkje mat.

– Det er synd, for graskar er både smakfullt, næringsrikt og enkelt å bruke, seier ho.

HOKKAIDO: Dette graskaret heiter Hokkaido, og er ein av typane som blir dyrka mest i Noreg. Illustrasjonsfoto: Ulleo | Pixabay

Spagettigraskar

I 2024 vart det seld 1800 tonn av norske graskar, men dette inkluderer òg dei du ikkje skal ete.

For det er nemleg slik at nokre graskar berre er til pynt! Dei du kjøper hjå blomsterbutikkar eller plantasjar er ikkje etande.

Graskara som er mest vanlege å ete i Noreg heiter Hokkaido- og spagettigraskar. Dei blir det òg dyrka mest av.

Med spagettigraskar (òg kjend som spagetti squash) får vi ei frukt som er spagetti-liknande i strukturen, sjølv om smaken ikkje er den same. Men det er folk som brukar dette i staden for pasta.

GRATINERT: Spagettigraskar kan ein skjere i to og varme i omnen for å få fram den spagetti-liknande teksturen. Hugs at smaken ikkje er den same! Her er det spagettigraskar med kjøtsaus og gratinert ost. Foto: MatPrat

Halloweengraskar

Det er Halloweengraskara som blir store. Folk har konkurransar om å dyrke fram det aller største graskaret.

Innmaten i desse graskara kan òg bli ete. Sagen fortel i pressemeldinga at det går fint å byte ut Hokkaidograskaret med Halloweengraskar i ei matoppskrift.

Graskar kan bli brukt som frukost, middag og dessert. Til middag kan det vere både hovudrett og tilbehøyr.

Kanskje fristar det med ein amerikansk frukost som pannekaker? Foto: MatPrat | OEK