Namn: Sara Hjardar
Alder: 27 år
Mental alder: Anten 13 år eller 27 år

Aktuell med:
Mia Myhr-teikneserien! Den nyaste er bok 4 som heiter «Mia Myhr og søstrene av Skår».
Kven sende du din siste SMS til?
Min farfar.
Kva stod der?
Han spurde om eg ville ha tomatar frå hagen hans. Det ville eg gjerne!
Kvar er du akkurat no?
Akkurat no er eg på heimekontoret mitt og jobbar med den siste boka i Mia Myhr-serien.
Kva for eit dyr er enklast å teikne både søt og skummel?
Froskar! Dei ser naturleg veldig søte ut sidan auga deira er så store og langt frå kvarandre, men om ein gjer munnen litt for stor og brei, kan det fort bli til eit skummelt smil.

Kva for ein historisk person kunne du tenkt deg å vere for ein dag?
Eg hadde elska å oppleve korleis animatøren Hayao Miyazaki ser verden. Han har lagd fantastiske animerte filmar som «Min nabo Totoro», «Det levende slottet» og «Chihiro og heksene», så eg hadde nok funne mykje inspirasjon inne i hans kreative hovud!
Kva for ein kjendis kunne du tenkt deg å invitere på eit glas brus?
Billie Eilish! Eg høyrer mykje på musikken hennar når eg teiknar, og ho verkar som ein veldig avslappa og kul person. I tillegg er ho veldig opptatt av klima og miljø, noko som eg òg er! Eg trur vi hadde hatt mykje å snakke om.
Kan du kome med ei bok som gjorde inntrykk på deg som barn, og kvifor?
«Solegget» av Elsa Beskow.

Det handlar om ei lita alvejente som oppdagar noko stort og gult og rundt som ligg på bakken i skogen ho bur i. Ho trur det er sola som har mista egget sitt, men det viser seg til slutt å vere ein appelsin. Eg har alltid vore fascinert av å sjå for meg korleis verda ser ut for små vesen. Difor gjorde bøkene til Beskow så inntrykk på meg fordi ho både skriv og illustrerer det så vakkert. Det handlar ofte om små alvar og dyr som lever i harmoni med naturen.
Kva meiner du ei god barnebok MÅ innehalde?
Minneverdige karakterar som ein kan relatere til. Eg likar spesielt godt viss karakterane ikkje er heilt perfekte, og har ting dei sjølv må overkome under reisa si.
Fullfør setninga: Det beste med å lese ei bok er …
Å drøyme seg bort!
Kva tre barnebøker vil du anbefale?
«Snøkattprinsen» av Dina Norlund
«Witch Hat Atelier» av Kamome Shirahama
«Den Onde Greven» av Lemony Snicket
