Skrivekonkurranse: Statsminister for ein dag

Framtida Junior lyser ut ein skrivekonkurranse til alle barneskular, med fine premiar.

Skriv eit lesarbrev om kva du ville gjort om du fekk vera statsminister for ein dag. Kva vil du endra i Noreg?

Det er lurt å velja ut eitt tema som du skriv om. Tips til tema å skriva om:

HJARTESAK:
  • Kva er ei sak du ville kjempa for som statsminister?
  • Gi minst tre grunnar til at dette er viktig – og fortel korleis du vil få til dette!

SKULE:

• Kva ville du gjort for at fleire elevar kan trivast på skulen?

• Kva vil du ha meir av på skulen?

• Skriv om lekser eller skulemat! Skriv sju grunnar til at det er bra med gratis skulemat eller kvifor du meiner me må ha eller ikkje ha lekser!

NATUR OG KLIMA:

• Kva meiner du må gjerast for å redusera klimautsleppa i Noreg?

• Kva meiner du Noreg må gjera for å ta vare på meir natur?

FRITID:

• Kva meiner du regjeringa bør gjera for at fleire barn og unge skal få vera med på kjekke fritidsaktivitetar?

• Kvifor er det viktig at alle barn og unge har ei meiningsfull fritid?

Frist for å levera er 30. september.

Premiar: 1. premie: 1500 kroner til klassen og klassesett av Framtida Junior til vinnarklassen. Me trekk ut t-skjorte og andre premiar til minst fem deltakarar i konkurransen!

Innsending

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com. Læraren kan gjerne senda alle tekstar frå klassen samla.

Skriv «Skrivekonkurranse – Statsminister for ein dag» i emnefeltet.

Hugs namnet ditt, kva skule du går på og telefonnummer til ein av foreldra dine!