Klassen vann med sommarfavorittane sine

Det som blir 7. klasse ved Ogna skule til hausten er vinnarar skrivekonkurransen til Framtida Junior om sommarfavorittar i konkurranse med skuleklassar over heile Noreg.

– Så kjekt! Tusen takk!! No blir dei glade, fortel lærar Karoline Birch Berglyd, som er på sommarferie. Klassen byrjar i 7. klasse til hausten, og premien på 1000 kroner kjem godt med når dei skal på klassetur.

Juryen skriv:

«Klassen har levert ei rik og variert vifte av aktivitetstips, favorittplassar, gode sommarminne, drøymeferiar og favorittoppskrifter. Elevane har jobba godt, byr på seg sjølve og er fullt fortent vinnarar av skrivekonkurransen – i konkurranse med fleire klassar over heile Noreg. Juryen håpar mange blir inspirerte av alle tipsa og sommarfavorittane som kjem Framtidajunior.no i vekene framover!»

Les fleire tekstar i skrivekonkurransen her!

Den aller beste teksten var det Ingeborg Naustvik (11) frå Suldal som skreiv. Les om favorittplassen hennar her!