Bassen «bænger» i ny låt

Musikkduoen Unge Spillere har sleppt sin første song. Chloe og Leo er elleve og sju år gamle.

Fredag 20. juni braka det laust for Chloe Louise Welsh (11) og Leo Alexander Welsh (7). Dei sleppte si første låt gjennom plateselskapet MTG Music.

Med inspirasjon frå Drum and Bass, ein elektronisk dansesjanger, laga dei låta «Bassen bænger» heimanfrå, med hjelp frå deira musikalske far.

Chloe og Leo har sleppt låt under musikkduonamnet «Unge spillere». Foto: Vilde Standal Bøyum

Søsken på jobb

Chloe og Leo er frå Oslo og, som etternamnet tilseier, dei er søsken.

Korleis er det å jobbe saman som søsken?

– Vi kranglar nokre gongar, men vi blir jo ofte vener att, seier Leo.

Chloe ser på dei som ein god duo, fordi dei gjer det den andre ikkje kan.

– Leo driv med beats, og eg syng. Då blir det bra til slutt, forklarar ho.

Sjå videoen øvst i saka.