Tre formar for hudkreft
- Basalcellekreft: Den vanlegaste forma for hudkreft som folk får. Han kan krevje mykje behandling, men er ikkje dødeleg.
- Plateepitelkreft: Dette er ein type kreft som kan spreie seg i kroppen dersom den ikkje blir behandla. I 2024 døydde 83 menneske av denne kreften.
- Melanom / føflekkreft: Dette er den mest alvorlege typen hudkreft. I 2024 var det 2682 registrerte tilfelle, der 326 døydde av sjukdomen. Kreften er den nest vanlegaste kreften for menneske mellom 25–50 år.
Å smørje seg med solkrem er korkje gøy eller behageleg. Men det er naudsynt. Har du nokon gong spurt deg sjølv om kvifor?
Mona Stensrud er spesialrådgjevar i Kreftforeningen, og ho kan forklare kva som er viktig når det kjem til sola og huda di.
Ikkje fyll glaset for fort
– Barn og unge har litt tynnare hud, men det viktigaste er å ikkje vere for mykje i sola, som mange vaksne har vore, seier Mona.
I filmen frå Kreftforeningen ovanfor får du ei god skildring av kva som skjer med huda di når ho blir brent av sola. For det er ikkje det same som å bli brent av opne flammar. Det klarer hudcellene dine i all hovudsak å lækje over tid.
Men for kvar gong huda blir brent av UV-strålane som kjem frå sola, blir det vanskelegare og vanskelegare å reparere seg sjølv over tid.
Du kan sjå føre deg eit tomt glas som fyller seg opp med hudceller som blir meir og meir skada over åra. Dess meir skada hudceller, dess større sjanse for å utvikle hudkreft når du blir eldre.
– Du har mange sumrar framfor deg, du skal helst ikkje fylle det glaset for fort, forklarar Mona.

Kort og lang skugge
Det er UV-strålane som skadar hudcellene. Mona oppmodar difor til å ikkje vere lenge i sola når UV-strålane er på sitt sterkaste.
– Sola er sterkast når den er rett over deg, seier ho.
Ho har eit tips til kva du kan gjere for å følgje med på dette.
– Følg med på skuggen din. Dersom den er kort, er sola rett over deg. Er skuggen din lang, er UV-strålane mest sannsynleg svakare, seier ho.
TikTok-trend
Vêrappar som Yr og Været viser kva UV-indeksen ligg på. Det er denne indeksen som seier kor sterke strålane frå sola er. I Noreg ligg UV-indeksen på eit tal mellom null og sju.
– Dersom talet er tre eller høgare, bør folk beskytte seg, seier Mona.
Mona fortel at Kreftforeningen er spesielt bekymra for ein trend på TikTok, der folk er ute i sola når UV-strålane er på det sterkaste.
– Dei ser at når det er høg UV-indeks, så går dei ut, seier Mona.
Er solkrem farleg?
Det har vore snakk om at solkrem kan ha ingrediensar i seg som ikkje er bra for kroppen. Nokre av dei kan vera hormonforstyrrande.
Men Mona er tydeleg på at solkrem kjøpt i Noreg eller EU er veldig godt regulert.
– Dei har lister med stoff som er undersøkt, og som er lovleg og trygt å bruke, seier Mona.
Mona poengterer at det som er farleg, er UV-strålane.
– Det vi veit mykje om, der det er mykje forsking, er at for mykje sol kan føre til hudkreft. Kort oppsummert meiner vi at ein trygt kan bruke solkrem som er kjøpt i Noreg og EU, seier ho.
Men balansen er viktig, for solkrem er ikkje nok.
– Vi bør eigentleg ikkje vere altfor lenge ute i sola sjølv om vi har solkrem, seier ho.
Barn skal ikkje vere redde
Mona og Kreftforeningen sine topp råd om korleis å handtere dagar i sola på er følgjande:
- Smørje seg jamt og godt med solkrem, helst faktor 30 eller meir. Smørje igjen etter eit par timar.
- Prøve å opphalde seg i skuggen når det er mogleg.
- Innimellom ta på nokre klede som kan spare huda for dei mest intense strålane.
Det viktigaste rådet er at dei fleste må ha mindre av dei sterkaste strålane.
– Det er det som fører til at vi har så mykje hudkreft i Noreg.
Mona seier at det ikkje handlar om å halde seg heilt unna sola.
– Det er mykje både bra og gøy med å vere ute, og litt sol er berre bra for oss, så det handlar ikkje om det, seier ho.
Ho vil heller ikkje at barn skal vere bekymra for å få hudkreft når dei er barn.
– Barn får ikkje hudkreft, vi kan nesten seie det, seier Mona.
– Det er ikkje noko barn må gå og vere redde for. Dette er noko som kan skje når ein blir eldre, om ein har vore mykje i sola. Dei fleste som får det er over 50 år, fortel Mona.