Slik unngår du å bli solbrent

Ikkje noko sol, ikkje noko liv. Så enkelt er det. Me må berre ikkje ha for mykje av det gode.

Sol i små mengder er bra for oss menneske. Likevel må me unngå å bli solbrent.

Huda «hugsar» episodar frå når me blir solbrent eller me er mykje i intens sol. Derfor er det viktig med god solbeskyttelse heile livet, heilt frå me er barn og til me blir gamle.

Kreftforeningen skriv at Noreg er ein av dei landa i verda der flest opplever å få hudkreft, grunna for mykje sol og solarium. Slik trenger det ikkje å vera – og derfor er det viktig å vita korleis ein skal gå fram for å nyta sola på ein trygg måte.

Her kjem Kreftforeningen sine tips, slik at du unngår å bli solbrent i sommar:

1. Avgrens tida i sola

Den beste solbeskyttelsen er å vera kortare tid i den sterke sola midt på dagen. Sjekk gjerne UV-indeksen for å få oversikt over kor sterk sola er der du er. Dette kan du til dømes gjera i YR-appen.

3. Bruk klede og skugge som vern mot sola

Klede, noko på hovudet, solbriller og skugge er viktig som vern mot sterk sol.

Jo lysare hud du har, desto viktigare er det å tenkja på dette.

3. Bruk rikeleg med solkrem

Bruk minimum faktor 30 og opphald deg ikkje lenge i sterk sol sjølv om du har smurt deg.

Det er viktig å vera raus med solkremen. Ein hugseregel er at ein skal bruka ei god handfull til ein heil kropp. Best effekt får du ved å smørja deg før du går ut.

Gjenta etter to timar, og viss du har bada eller sveitta bort kremen.

God sommar i sola!