Den nye paven vil laga fred mellom krigande land

Den nye paven heiter Leo XIV. Han seier at han vil prøva å hjelpa land som er i krig med å bli vener igjen.

– Den heilage stol er alltid klar til å hjelpa til med å bringa fiendar saman, ansikt til ansikt, til å snakka med kvarandre, sa han nyleg under eit møte i Vatikanet.

Vatikanet er der paven bur. «Den heilage stol» er eit anna namn for paven og kontoret hans.

Vil snakka saman

Paven vil at leiarane i verda skal møtast og snakka saman i staden for å krangla eller kjempa. Han også:

– Menneska i verda vår ønskjer fred, og til leiarane deira appellerer eg av heile mitt hjarte: La oss møtast, la oss snakka, la oss forhandla.

Å apppellera betyr å be nokon veldig sterkt om noko. Å forhandla betyr å snakka saman for å bli einige.