Robert Francis Prevost (69) er ny pave

Litt over klokka 18:00 på torsdag, 8. mai, kom det kvit røyk ut frå Vatikanet. Ein ny pave var valgt.

Denne saka vart først publisert i systeravisa vår, Framtida.

Den amerikanske kardinalen Robert Francis Prevost (69) vert ny pave, og får namnet pave Leo XIV.

Torsdag kveld kom den kvite røyken frå Vatikanet som signaliserte at dei 133 kardinalane var einige om pave Frans sin etterfølgjar.

Han er fødd i Chicago av foreldre med fransk og ecuadoriansk opphav, men har mesteparten av prestelivet jobba som misjonær i Peru.

Prevost kan mange ulike språk og er utdanna matematikar og teolog, med doktorgrad i kyrkjerett.