– Eg kan jo ikkje tysk, så eg forstod jo ingenting av det dei sa. Men eg fekk i alle fall sagt «Ich Bin Ein Schnitzel!» – og det høyrdest ut som dei likte det, sa Venn til NRK etter det blei klart at han skal til finalen. «Ich Bin Ein Schnitzel!» tyder «Eg er ein snitsel». Ein snitsel er ei tynn skive av kjøt som er panert og steikt, vanlegvis laga av svin, kalv eller kylling.
På auditionen fekk han Gullknappen av sjefsdommaren Dieter Bohlen, kjend frå popduoen Modern Talking.
– På auditionen min fekk eg Gullknappen av den tyske folkehelten og Tysklands svar på Simon Cowell, Dieter Bohlen, seier Venn stolt til NRK.
Finalen blir send på RTL i kveld.