Natur og klima 2050 – det er håp!

Skal vi leve eit godt liv i framtida må vi tenke berekraft og vi må samarbeide godt! skriv Nora Erikstad i 6. klasse på Askvoll skule.

2025

På nyheitene høyrer vi stadig at isen smeltar, fleire og fleire dyreartar blir utrydda og dør ut, hava stig, og forureiningane blir verre… Dette er ikkje noko vi kan leve med i lengda!

2050

Det er håp! Staten har tatt tak! Resirkuleringssystema er blitt oppgradert, men er det nødvendig? Folk har også verkeleg tenkt seg om, så det har blitt ny trend å ha kompost, noko som gjer at det blir mykje mindre boss. Det har blitt fleire bønder som driv sitt eige småbruk og dermed er fleire sjølvforsynt. Og dei som ikkje har småbruk kjøper gjerne lokalt.

Vi har fått fleire folk som jobbar med å verne klimaet vårt, men likevel er det framleis mykje plast som ligg og flyt rundt og vi må få ein slutt på det.

Men heldigvis jobbar forskarar med å lage miljøvennlege, elektriske maskinar som skal få ein slutt på det.

Staten har prøvd å få folk til å bruke mindre straum, ikkje leve i luksus heile tida. Det er heldigvis fleire og fleire som prøver på det. Straumen er gjerne solceller eller vasskraft.

Olje blir forsett pumpa opp, men mengda er mindre og mindre ettersom det nesten berre er elbilar som er på marknaden.

Verda har endra seg, og fleire har blitt meir bevisst på at skal vi leve eit godt liv i framtida må vi tenke berekraft og vi må samarbeide godt! Dette eg har skreve er eit håp for framtida, det er forsett ei moglegheit!

Lesarbrevet er éin av vinnarane av skrivekonkurransen om håp for framtida. Konkurransen blei arrangert av Framtida junior, Klimafestivalen Junior og Tid for ti-aksjonen til Foreningen Les!