Domstol støttar miljøorganisasjonar i Førdefjorden-saka

Staten har godkjent dumping av opptil 170 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden. No har naturvernorganisasjonar, som har kjempa mot dette, fått støtte frå Efta-domstolen.

Efta-domstolen

Efta (European Free Trade Organization) er ein organisasjon danna av statane Noreg, Island, Liechtenstein og Sveits. Organisasjonen blei laga for å gjere det enklast mogleg med handel mellom medlemsstatane. Efta-domstolen blei oppretta av medlemsstatane i 1994 for å overvake landa.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Naturvernorganisasjonane Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har saksøkt staten for å gi løyve til dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

Å saksøke vil seie å gå til rettssak mot nokon. Når ein går til rettssak blir det eit alvorleg møte i ein domstol som skal avgjere saka.

Naturvernorganisasjonane saksøkte staten, fordi dei meiner gruvedumpinga vil få alvorlege konsekvensar for naturen og dyrelivet i og rundt Førdefjorden. Staten meiner at gruvedrifta, som vil resultere i dumpinga av gruveavfallet, er viktig for å skape arbeidsplassar og verdiar.

Rettssaka enda rett nok i tap for miljøorganisasjonane.

Bad om vurdering

Då Naturverforbundet og Natur og Ungdom tapte rettssaka, bestemte dei seg for å be Efta-domstolen om å vurdere den norske stat si godkjenning av dumpinga av gruveavfall.

I mars kom dommen som støtta miljøorganisasjonane i at følgjene av denne dumpinga blir for store når det gjeld naturvern, til at det kan forsvarast at staten tillèt det.

Dommen er rådgivande, noko som vil seie at han ikkje vil påverke saka direkte. Men sidan miljøorganisasjonane har anka den norske dommen der dei tapte, vil det bli ei ny rettssak i juni. Her vil Efta-dommen bli teke med i vurderinga og kan bli lagt stor vekt på.