I år er faren større for å bli snøblind

Dei store snømengdene mange stader, også i låglandet, aukar risikoen for å bli snøblind i påska. Bruk solbriller!

Kva er det å vera snøblind?
  • Om sterk sol brenn bort det øvste cellelaget på auga, vert du snøblind.
  • Det kjennest som du har sand eller rusk i auga. Men du får det ikkje bort.
  • Tårene renn og det er vondt å sjå i lyse omgivnader.
  • Mange har sterke smerter i auga.
  • Nokon får uklårt syn, medan andre ser ting dobbelt.
LES FAKTALUKK FAKTA

– I år er det snø i mykje større delar av landet enn det som er vanleg på denne tida. Dermed er det ikkje berre på fjellet ein må beskytte seg mot UV-stråling, men også i låglandet, seier forskar Terje Christensen i Statens strålevern i ei pressemelding.

Lett skydekke og snødrev kan gi sterkare stråling enn klarvêr, skriv Nynorsk Pressekontor.

Bruk solbriller

For å redusere risikoen for å bli snøblind, kan du leggje skituren til morgon eller kveld. UV-strålinga er vanlegvis sterkast mellom klokka 11 og 15 på dagen.

Men det viktigaste tiltaket mot å bli snøblind er å bruke solbriller.

Dersom du skulle bli snøblind, kan du trøyste seg med at det går over. Men dersom problema er store, bør du ta kontakt med lege.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here