James Francis Cameron er ein canadisk Oscar- og Golden Globe-prisa filmprodusent, regissør, manusforfattar og oppfinnar. Han har alltid elska lange filmar og har tidlegare uttala at han meiner at «Avatar: The Way of Water» frå 2022 var for kort.

For mange gode idear
– Kort sagt hadde me for mange gode idear pakka inn i første akt av film nummer to. Det drog av garde som eit lyntog, og me gjekk ikkje djupt nok ned i karakterane. Derfor sa eg «folkens, me må dela den opp», seier han til Empire.
Dermed vart det to filmar av det som skulle vore éin. Trass dette spelte dei to første «Avatar»-filmane til saman inn meir enn 5,2 milliardar dollar, eller 56,5 milliardar kroner, på verdsbasis, skriv NRK.
Då Cameron lanserte «Avatar»-film nummer to i 2022 uttalte han at han ikkje kunne fordra «dei som sutrar over lengda på filmen når dei bingar episodeseriar i åtte timar».
Den nye filmen heiter «Avatar: Fire and Ash» og kjem på kino 17. desember.