Kort forklart: Dette er ungdomsråd

Alle kommunar må lytte til meiningane til ungdommane i saker som gjeld dei. Men korleis fungerer eigentleg ungdomsråd?

Kvar månad tar politikarane i kommunen din viktige avgjerder. Kanskje bestemmer dei seg for å legge ned ein skule, eller å kutte i tilbodet om psykisk helsehjelp.

Ofte vert born påverka av det politikarane bestemmer. Men borna er ikkje gamle nok til å stemme i valet.

Så korleis kan ein passe på at også meiningane til dei unge vert høyrde når ein tar avgjerder for heile kommunen?

Talerøyret til ungdommen

Alle kommunar og fylkeskommunar i Noreg er pålagde å ha eigne ungdomsråd. Ungdomsråda skal bestå av lokale ungdommar. Rådet møtest jamleg for å diskutere saker som gjeld ungdom i kommunen eller fylke.

Det kan vere ulike saker, til dømes:

Må følge med

Det er viktig at representantane i ungdomsrådet snakkar med ulike grupper av ungdommar, og at dei har møteplassar der dei kan treffe og få innspel frå ungdommane dei skal representere. Det kan til dømes vere gjennom elevråd, ungdomsklubbar eller i gangane på skulen.

Talar direkte til politikarane

I mange kommunar får ungdomsrådet lov til å delta i møta til politikarane.

Då får ungdommane stå på talarstolen framfor politikarane og seie kva dei meiner om saka.

Dette kan gjere det lettare å nå fram til dei vaksne, og bli teken på alvor:

Kven kan sitte i ungdomsrådet?

Dei fleste ungdomsråda i landet har ungdommar som går på ungdomsskule og vidaregåande skule. Nokre har også med elevar frå barneskulen. Medlemmer kan bli føreslåtte gjennom skulen, elevråd eller andre organisasjonar.

Representantar vert valde inn for to år om gongen. Lova seier at ein ikkje kan vere fylt 19 år den dagen ein blir valt inn.

Kor stor makt har ungdomsrådet?

At ungdommane blir høyrde, betyr ikkje alltid at dei får gjennomslag.

Til sjuande og sist er det dei vaksne politikarane som bestemmer. I kva grad dei vel å lytte til innspel frå ungdomsrådet, kan variere stort. Det kan vere påverka av kor flinke ungdommane er til å argumentere, kva motargument som finst, kva pengar kommunen har, kva dei politiske partia meiner, og andre interesser.

I ei undersøking Framtida.no har gjort, svarar mange ungdomsråd at dei blir høyrde. Svara viser at mange er ganske eller svært einige i at ungdomsrådet har reell medverknad på politikken.

3 av 5 ungdomsråd fortel også at dei får eigne pengar frå kommunen som dei kan bruke sjølv på tiltak for ungdom.

Her ser du nokre av sakene ungdomsråda som har svara på undersøkinga har fått gjennomslag for:

Ungdom fortel sjølve

Abigael Windingland Askerød og Thobias Ek er leiar og nestleiar i ungdomsrådet i Råde i Østfold.

Dei understrekar kvifor det er viktig at ungdom får vere med og påverke politikken i kommunen:

– Dei vaksne veit ikkje korleis det er å vere ungdom i dag. Det er best om ungdommar sjølve får fortelje korleis dei har det, korleis dei opplever verda og korleis dei meiner ting kan bli betre, seier Ek.

Han meiner at det politiske livet i Noreg dermed vert meir inkluderande.

– Vi kjem med råd som fortel politikarane om ei verd dei ikkje er van med å sjå, seier han.

Dei to trekker fram at dagens ungdom er den første generasjonen som veks opp med sosiale medium, og at unge perspektiv difor kan hjelpe foreldre og politikarar med å takle den nye situasjonen.

– Sosiale medium kjem med sine gode, men også utfordringar, seier Ek.

De kan lese meir om erfaringane til Askerød og Ek her.

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.