Det har vore mykje bråk rundt Sylvi Listhaug denne veka. Ho er Frp-politikar og Noregs justis-, beredskaps- og innvandringsminister.
I eit innlegg på Facebook gjekk ho til angrep på Arbeiderpartiet. Mange vart sinte og lei seg. Dei meiner ho burde seie unnskyld for meldinga ho la ut.
Terror
Ho skreiv denne meldinga på Facebook:
«Arbeiderpartiet meiner at terroristane sine rettar er viktigare enn nasjonens tryggleik».
I tillegg la ho ut eit bilete av terroristar med våpen.
Arbeiderpartiet opplevde sjølv terror 22. juli 2011 på Utøya, så det er difor mange reagerer ekstra sterkt. Mange meiner også at Erna Solberg, som er statsminister, burde gjort meir med saka. Erna sa også unnskyld for det Sylvi har gjort.
Sa unnskyld
I Stortinget torsdag prøvde Sylvi Listhaug fleire gongar å seie unnskyld. Heile fire gonger måtte ho opp på talarstolen. Dei som sat og høyrde på i salen var ikkje nøgd med det Sylvi sa.
Men, til slutt sa ho unnskyld. Og ho sa ho ikkje burde lagt ut innlegget på Facebook.
Kva tenkjer du om å seie unnskyld? Er det vanskeleg?