Dei lange, elegante dyra har flotte eigenskapar som gir dei oversikt og lett tilgang til mat, men dei slit når dei møter oppoverbakkar som er 20 grader bratte eller meir, skriv Ung.Forskning.no.
Forskarar har brukt GPS-sendarar på 33 sjiraffar i Sør-Afrika for å studere kor dei beveger seg. Dei såg akkurat kvar sjiraffane hadde bevega seg frå 2011 til 2023. Dei oppdaga at sjiraffane likar flate område, og held seg unna bratt terreng. Bakkar på 12 grader går dei berre i om det er mykje mat.
Må tenkja på sjiraffane
Forskarane meiner det er viktig å tenkja på sjiraffane når vi planlegg område for dei, sidan mykje av levemiljøet deira har bratt terreng.
Dei meiner at fristadar for sjiraffar ikkje nødvendigvis er trygt om det er for mykje fjell i området.
![](https://media4.giphy.com/media/v1.Y2lkPTc5MGI3NjExZWVza2Q4bGttZmlnMW9haXRkeGh1cmptbmM5Z2V4ZHZ1ZzBmeHRsdSZlcD12MV9pbnRlcm5hbF9naWZfYnlfaWQmY3Q9Zw/UW1FV7V8Hsbpyt1RF9/giphy.gif)