Born lærer språk betre ved å skrive for hand

Ein ny studie viser at handskrift kan vere viktig for å lære språk.

Forskarar i Kina studerte korleis 11 år gamle elevar lærte engelsk. Ei gruppe på 20 born brukte blyant og papir, medan ei anna gruppe berre lærte ved å lese.

Forskarane fann ut at det å bruke handa for å skrive, gjer at hjernen lærer betre.

Når ein skriv for hand, må ein studere forma og storleiken på bokstavane med augene. Samstundes må du bruke kjensla i fingrane og rørsle i handleddet for å forme bokstavane. Å bruke fleire sansar gjer at eleven blir meir oppslukt i språket.

Dessutan tar det lengre tid å skrive for hand, noko som gjer at eleven gir meir merksemd til detaljane.

Forskarane oppdaga at handskrift ikkje berre hjelpte for å lære bokstavane, men gjorde også at elevane kjente igjen lydane og forstod meininga til orda betre.

Å berre sjå ord på ein skjerm eller i ei bok, skapar ikkje like sterke minne hos eleven, meiner forskarane.

Likar du å skrive for hand?

Likar du å skrive for hand?

Ja7
Berre når eg gjer lekser2
Ja, eg elskar å skrive brev12
Nei, eg vil helst ha tastatur7
Svar totalt: 28