Over éin million på flukt i Haiti

I Haiti har meir enn éin million menneske, over halvparten born, måtte flytte frå heimane sine på grunn av valdelege gjengar. Det er tre gonger fleire enn for eitt år sidan, ifølgje FN.

Folk slit med å finne trygge plassar å bu, og mange manglar mat, vatn og andre viktige ting. I hovudstaden Port-au-Prince har gjengar teke over store område, og berre nokre få FN-soldatar har komme for å hjelpe til no, skriv NRK.

FN seier at det er viktig å gje hjelp til dei som treng det, og prøve å stoppe valden som øydelegg for landet.

Det var Reuters som fyrst omtala saka.