Den gode ideen var å skriva eit brev til Coop. I brevet spurte han om ikkje også havremjølka kunne få juledesign. Brevet fekk stor merksemd på Facebook, og butikksjefen på Coop tok affære.
– Det er veldig kjedeleg å ha mjølk utan juledesign, seier Torbjørn til NRK.
I brevet skreiv han:
Hei. Jeg heter Torbjørn. Jeg har kumelkallergi. Jeg synes det er trist at melken min ikke har jule- og påskedesign. Kan dere være så snill å lage nytt design? Da hadde dere skapt julemagi. Tusen takk. Torbjørn.
Coop blei rørte av brevet og bestemte seg for å laga spesialdesigna havremjølkekartongar berre til Torbjørn. Ein dag banka det på døra, og der stod butikksjefen med nye mjølkekartongar til han.
– Den var fin. Det er mange fine bilde på den, seier Torbjørn stolt til NRK.
Eit viktig brev
Guro Birkeland i Noregs astma- og allergiforbund meiner Torbjørn sitt brev har gjort noko viktig.
– Det er ein belastning å leve med å trenge spesiell kost og tenke på det i kvardagen. Derfor er slike ting viktig at ein med matallergiar ikkje skal føler seg så annleis, seier ho til NRK.
Kven veit? Kanskje havremjølka i heile landet får juledesign neste jul, takka vere Torbjørn?