Oslo-jenta Noor var den siste jenta i klassa som begynte å spele fotball og ho begynte med denne fritidsaktiviteten berre fordi alle andre gjorde det.
Sjølv om iveren for ballidretten ikkje var så stor i starten, endra dette seg med tida. Etter kvart som Noor trente meir og meir blei ho betre og betre. Då kom motivasjonen for å bli skikkeleg god på fotballbanen.
Fotballkarriere
Som 14-åring debuterte Noor på det norske J15-landslaget, og året etter begynte ho å spele på A-laget til fotballklubben Lyn.
I etterkant har Noor spelt fleire landskampar for Noreg. I tillegg har ho spelt for fleire klubbar i utlandet som Melbourne City i Australia, Eskistuna i Sverige og Inter Milano i Italia.
Store mål
Akkurat no speler Noor for den svenske fotballklubben Linköping. Trass at dette er eit lag i den svenske toppserien, har Noor nye mål for fotballkarrieren framover.
– Eg drøymer om å kome med på det norske A-landslaget og å bli spelar i ein europeisk toppklubb, fortel Noor.