Dette skjer når ein film er for skummel

Nokre av oss kan tole at ein film er ganske skummel, men andre kan synast at noko berre bitte litt skummelt er for skummelt

Det fortel psykolog Guro Rekkedal.

– Kor skummelt vi tykkjer noko er handlar både om kor gamle vi er, om det er noko som har skremt oss før og korleis vi er fødd som menneske, seier ho.

Ein kan seie at noko er for skummelt å sjå på når det blir vanskeleg å tenkje klart og ein trur at det ein ser på er ekte. Hjarta kan banke litt fort, vi kan bli klamme i hendene og vi kan få tankar om at vi vil vekk frå situasjonen. 

Hjernen er som eit skulekorps

Guro samanliknar hjernen vår med eit skulekorps for å forklare kva som skjer når noko blir for skummelt. 

– Alle dei ulike tankane og følelsane våre, kan samanliknast med dei ulike instrumenta i eit skulekorps. Framfor skulekorpset står dei ein dirigent som passar på at trommene spelar passe høgt og at trombonane spelar når dei skal. 

Ein del av hjernen som heiter frontallappane, styrer tankar og følelsar så dei ikkje tek for mykje eller for lite plass. Frontallappane kan samanliknast med dirigenten i skulekorpset.

Følelsar og tankar tek overhand

Dirigenten likar ikkje at ein blir veldig redd. 

– Då tenkjer dirigenten «oj, no er det ikkje bruk for meg lengre». Då gøymer dirigenten seg og alle instrumenta i korpset får spele akkurat som dei vil. 

Når dirigenten hoppar ut tek tankar og kjensler overhand og alt vi ønskjer er å føle oss trygge. Det er dette som skjer når ein film blir for skummel.